1,5 millionar til atelierstøtte i Møre og Romsdal

1,5 millionar til atelierstøtte

Profesjonelle kunstnarar i Møre og Romsdal får fylkeskommunal støtte til felles arbeidsverkstad.

Foto: iStock_000080105625

I vår lyste fylkeskommunen ut 1,5 mill. kroner til felles arbeidsverkstad for kunstnarar i Møre og Romsdal. Vi fekk inn søknadar på til saman om lag tre millionar. Søknadane er no ferdig behandla, og prosjekta som får støtte er:

  • KunstKompressor v/ Geir M. Brungot, Sykkylven – kr 200 000
  • Åtgaum v/ Øystein Dahle Egset, Volda – kr. 240 000
  • Sirkel 4 v/ Ine Harrang, Molde – kr 350 000
  • Gruppe M v/ Anne Sara Loe, Molde – kr 350 000
  • Aggregat Atelierfellesskap v/ Simon Wågsholm, Ålesund – kr 350 000

Beløpet utgjer inntil 50 prosent av dei totale kostnadane i prosjektet. Prosjekta er to-årig.

Vil styrke tilbodet for kunstnarane

-Vi ønskjer å styrke grunnlaget for kunstnarar i fylket til å produsere samtidskunst. Dette er ei yrkesgruppe med stor uforutsigbarheit både i arbeidstid og inntekt. Mange vel difor å ha arbeidsverkstaden sin heime. I eit atelierfellesskap får kunstnarane i større grad høve til å utveksle erfaring, styrke nettverk og finne nye marknadar, seier rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Carina Stokke.

Faste og opne plassar

Ein føresetnad for å få støtte er at det skal vere minimum tre profesjonelle kunstnarar med i arbeidsfelleskapen. I tillegg skal prosjekta ha tilbod om opne plassar for andre kunstnarar som i kortare eller lengre periodar treng å leige atelier.

– Bortsett frå Aggregat, er alle nye prosjekt. Det betyr at dei neste to åra er det mange fleire kunstnarar i fylket som får høve til å leige seg inn i eit fellesskap, seier Stokke.

Satsing på kreative næringar

Møre og Romsdal fylkeskommune har ei fire-årig program for utvikling av kreative næringar i Møre og Romsdal. Utlysinga er eitt av tiltaka i denne satsinga.

Hopp til verktøylinje