BKMR inviterer til Fagdag (er)

 

Laurdag 25 oktober 2014 kl.13.00 – 20.00 m/overnatting

Stad: Molustranda, heime hos Marit Moltu

 Det blir medlemsmøte med nevenyttig informasjon, samtale og diskusjon med Harald Dyrkorn, møte med Marit Moltu sine prosjekter og det sosiale i møte med kvarandre. Håper så mange som muleg kan komme.

 BKMR har som mål å arrangere ein årleg fagdag for våre medlemmar. Dette for at ein skal kome saman og at medlemmane skal få mulegheita både til ytre seg til oss som styre men også til faglig styrking.

I år har vi vore så heldige å bli invitert til ein av våre medlemmer Marit Moltu, som bor på Moltustranda i Herøy. Alle medlemmane er invitert til ein heil dag saman og mulegheit for overnatting. Det blir muleg å få oppleve Marit sine prosjekt, inne og ute.

Vi har invitert Harald Dyrkorn som skal snakke om: Kva gjer kunsten? Korleis kan kunsten vere samfunnrelevant?

Harald er fra Fjørtofta og utflytta til Skarnes i Sør-Odal, men han er på øya flere gonger i året. Der han trivest i det opne landskapet på øyane mot havet. Han har jobba med ruspolitikk sidan 1990 i Det Norske Totalavholdsselskap og har høgskuleutdanning i samfunnsplanlegging og har bachelorgrad i sosialantropologi. Harald er oppteken av kva kunsten gjer, korleis kunsten kan opne ny innsikt i verkelegheita og samfunnet vi lever i. Er aktivt politisk engasjert, noko som gjer at kunst er svært viktig for hans arbeid. Har reist mykje i Nord-Afrika og gjort seg kjent med Sudan, der det har vore spennande å følgje med i kunsten dei siste åra.

Programmet for dagen:

13.00   Moltustranda- vi møtast til innlosjering og lett prat

servering av frukt/drikke og noko lett å ete

Marit innleier og ønskjer velkommen

14.00   BKMR orienterer om arbeidet sitt. Open diskusjon

15.00    Pause – Vi lager trommesuppe

15.30   Harald Dyrkorn foredrag: Tema: Kva gjer kunsten? Korleis kan kunsten vere samfunnrelevant?

Open for diskusjon og samtale i plenum.

17.00   Middag (Trommesuppe m/ brød)

18.00   Marit forteljer om sitt arbeid her som kunstner, Marit tar oss med på nokre av dei prosjekta ho har rundt der ho bor.

20.00 program slutt.

Viktig meldig fra Marit: Ta på VARME KLÆR…. gode skor ..Dette er ikkje luksushotell og hypergalleri ,

men eit inntog i URverda

 

 

Med vennleg helsing

Styret i BKMR

Hopp til verktøylinje