Om BKMR
Biletkunstnarane i Møre og Romsdal (BKMR) er ein fagorganisasjon for profesjonelle biletkunstarar som anten er busett i, eller er nært knytt til Møre og Romsdal. BKMR sitt formål er å ivareta biletkunstnarane sine faglege, økonomiske og sosiale interesser i Møre og Romsdal.
Vår organisasjon ligg under paraplyorganisasjonen Norske Billedkunstnere (NBK). Det er i Noreg i dag 14 distriktsorganisasjonar og 6 grunnorganisasjonar (sortert etter fagfelt) under NBK. BKMR vart etablert i 1931 og er i lag med tre andre distriktsorganisasjonar dei eldste under NBK.
BKMR har ca 70 medlemmar og vert styrt av Styret med sine tre medlemmar. Vi har ingen administrasjon men styrets leiar er kontaktpersonen for BKMR.
BKMR eig i lag med Norske kunsthåndverkere Midt-Norge (NKM) Kunstsenteret Møre og Romsdal.
BKMR Styret
Styreleiar: Simon Wågsholm (91862466)
Nestleiar: Trine Røssevold
Kasserar: Torild Storvik Malmedal
1. vara: Anne Bertsen
2. vara: Lovise Amdam
Årsmøte 2017
Årsmøte 2016
Årsmøte 2015
Årsmøte 2014
Referat BKMR Årsmøte 2014 VEDLEGG SAK 12 VAL