Galleri støtte – frist 20 november

Lyser ut kr. 1 mill. til nytt pilotprosjekt «Frå gråpapir til galleri»

Møre og Romsdal fylkeskommune og Innovasjon Norge lyser ut kr. 1 000 000 til prosjekt «Frå gråpapir til galleri». Vi ønskjer å gi unge kunstnarar høve til å ta i bruk ledige forretningslokale i sentrum av byane Kristiansund, Molde og Ålesund til galleri der dei kan vise fram kunst/talent/produkt.

Carina Stokke

Prosjektleiar for kreative Møre og Romsdal, Carina Stokke. Foto: Karoline Evju.

Det blir no gitt høve til å søke midlar til eit prosjekt som har fått namnet «Frå gråpapir til galleri». Prosjektet går ut på å ta i bruk ledige butikklokale i sentrum av byane Kristiansund, Molde og Ålesund som galleri/utstillingslokale. Det kan søkjast om midlar til å dekkje husleige og driftskostnadar over to år (2015 og 2016).

Drahjelp til unge kunstnarar

-Bakgrunnen for utlysinga er at vi ønskjer å gje unge kunstnarar drahjelp ved å dekkje utgifter til galleri der dei kan stille ut kunsten sin eller vise fram produkta sine, seier prosjektleiar for kreative Møre og Romsdal, Carina Stokke.
-Ved å nytte ledige butikklokale i sentrum av byane, vil ein bidra til å auke aktivitet etter stengetid og gjere byane meir attraktive.

Søknadsfrist: 20. november 2014

Kva kan midlane dekke?

Vi inviterer enkeltpersonar eller ad-hoc grupperingar til å søke på prosjekta. Søkar må sjølv finne ledige lokale og inngå avtale med utleigar. Midlane kan dekkje honorar til prosjektleiar og utgifter til drift av galleriet, samt husleige og driftskostnadar over 2 år (2015 og 2016). Lokala kan ikkje nyttast til kontor.

Krav til søkar:

  • Enkeltpersonar eller ad-hoc grupperingar kan søke.
  • Søkar må vise til kompetanse/utdanning innafor fagfeltet eller vise til erfaring frå drift av galleri.
  • Søkar må finne ledige lokale og inngå avtale med utleigar
  • Søkar må gjere greie for korleis lokalet skal bli brukt og korleis drifta av galleriet skal organiserast. (Dette inkluderer «booking» av kunstnarar, kontakt med utleigar, marknadsføring osv.)
  • Søkar bør vere kopla på allereie eksisterande nettverk for kreative næringar i Møre og Romsdal (kreativfylke.no, Kreativ Arena Plassen, hoppid.no)
  • Dersom søkar har eiga verksemd, må ein opplyse om eigarforhold og samarbeidspartar

Retningslinjer for galleriet:

  • Lokalet skal bli brukt til utstilling, ikkje til kontor eller produksjonslokale
  • Hovudmålgruppa: unge kunstnarar (20-39 år)
  • Det skal vere forutsigbare opningstider for galleriet
  • Kunstnarar som ønskjer å stille ut i galleriet, må betale ein eigenandel
  • Det vil bli stilt krav rundt profilering, rapportering, utbetaling av tilsegn osv.

På www.mrfylke.no/kreativenaeringar finn du søknadsskjema og kva kriterium som må oppfyllast for å kunne søkje.

Søknadsfrist: 20. november 2014

Hopp til verktøylinje