Gratulerer!! Møre og Romsdal Kunstnarstipend 2016

Delte ut 600 000 i kunstnarstipend

Kultur- og folkehelseutvalet delte måndag 13.juni ut kunstnarstipend på tilsaman 600 000 kr.  Fem av åtte mottakarar, var samla til overrekking på Scandic Parken i Ålesund.

Kultur- og folkehelseutvalet delte ut kunstnarstipend for 2016

Her var det offisiell overrekking av stipenda med kultur- og folkehelseutvalget og andre frammøtte. Målet med stipenda er å gje kunstnarar moglegheit til å fordype seg i større prosjekt.

Jorunn Kernberg, ein av stipendmottakarane, opna sermonien med musikk. Etterpå var det innleiing av leiar for kultur- og folkehelseutvalet Marit Nerås Krogsæter, som også delte ut det første stipendet. Resten av stipenda vart delt ut av ulike medlemmar av utvalet, og grunngjevinga for kvar enkelt vart lese opp.

– Eg har bestemt meg for å satse fulltid som forfattar, sa Bjørn Vatne, som fekk utdelt 50 000 kroner i stipend. – Då eg fortalte dette til ein kollega, fekk eg to råd: søk på alle stipenda du finn og ta imot det du får av gratise lunsjar. I dag får eg begge deler, sa Vatne til latter til salen.

Les meir om bakgrunnen for stipenda og dei ulike mottakarane i ei tidlegare nettsak.

 

https://mrfylke.no/Tenesteomraade/Kultur/Nyheiter/Delte-ut-600-000-i-kunstnarstipend

Hopp til verktøylinje