Referat fra BKMR – fagdag, på Moltustranda
Referat
Fagdag (er)
Laurdag 25 oktober 2014 kl.13.00 – 20.00
Stad: Molustranda, heime hos Marit Moltu
Deltakarar: Astrid Runde Saxegaard, Britt Sorte, Marit Akslen, Astrid Hestholm, Harald Dyrkorn, Liv Dysthe Sønderland, Åshild Havåg Bergset, Marit Moltu, Karin Augusta Nogva, Trine Røssevold
Marit innleier og fortel om virket sitt: Reflekterer kring omgrepet fag.
BKMR informerer
Styreleiar Karin Augusta:
Dette har styret jobba med sidan årsmøtet:
– Vi har hatt 4 møter sidan årsmøtet
– Beskjed om at det skulle tilsettast ny direktør på Kube /Kulturkvartalet. I samarbeid med KMR skreiv vi brev til Fylkeskultursjefen for å påpeike at det kunstfaglege måtte vektleggast. Vi snakka også med dei vi kunne i systemet. No er ny direktør Gro Kraft er på plass. (Tidlegare dir ved KORO). BKMR ynskjer seg møte med henne over nyttår.
– Karin hadde barselpermisjon frå mai til september. Heidi gjekk opp som leiar i denne perioden.
– Vi har blitt kontakta av Heidi Mella ang RASK prosjektet på Smøla. Dette er andre året dei arrangerer dette viktig med tilknyting regionalt. Vi skreiv uttale om at vi meinte prosjektet var interessant.
– Planlegging av denne fagdagen.
– VI planlegg møte med den nye Fylkeskultursjefen Heidi Wedlog-Olsen 19.november.
Førebels punkt; Fylkesstipenda, Høyringsinstans, DKS, Informasjon om BKMR og NBK. Styret ynskjer innspel på fleire punkt til dette møtet:
Innspel frå møtet:
- Konsulent. Fylket har omtrent slutta å søke KORO om prosjektstøtte. Det er visst Bygg -og vedlikehald avdelinga som har bestemt dette. Dette går på bekosting at dei kunstnariske prosessane. Ting skal gå fort og det går ut over kvalitet. Konsulenten får liten moglegheit til å påverke eller gripe inn. Kanskje BKMR kunne i lag med KMR hatt møte med Byggavelinga for å snakke om kunstnariske prosessar og på ein måte kurse dei. Det er viktig at dei får respekt for vår profesjon.
- Kjønnsballansen på dei største stipenda. Det er stort sett menn som har fått dei største stipenda. Rapporteringa bør ver ulike på prosjektstipend og arbeidsstipend. Kva er definisjonen?
- Vestlandsutstillingen treng meir pengar. Liv vil sende fakta.
– NBK leiarsamling. Kva er BKMR sine erfaringar med å jobbe opp mot politikarar for å få gjennomslag for å få prosjekt.
Merksemd i forkant av val. Paneldebatt.
Dersom ein skal få noko inn i partiprogrammet må ein tidleg på bana.
Vise konkret kva vi bidreg med; dokumentasjon, avisartiklar, Innspel til fylkestinget.
Trine informerte frå NBK og frå Kulturrådets årskonferanse:
Årskonferansen
Statsbudsjettet: Kulturbudsjettet er auka 2,6 % , Litt fleire stipend
-Visuell kunst
Lav prioritering – utpreget internasjonalisering
Når det gjeld utstillingshonorar så har nye regjeringa forstått og skrevet ned det NBK har jobbet med lenge: kunstnerar er ikkje ansatt på institusjonane. Dei er leveranse av utstillingar.
Kunstnaren skal ha betalt for den jobben- utstillingshonorar
– så kva kan du tape og kva kan du vinne med ei slik regjering?
Utstillingshonorar:
NK og FFF jobbar tett i lag med NBK- har samen utforma ein pilot (fått bevilget 6 000 000kr) det er 4 ulike institusjonar som er med i denne pilotordninga- vederlag. Dette er ei satsing som har som mål å bli fast.
Yngve Slettholm- styreleder Norsk kulturråd- Han snakka på kulturkonferansen og understreka mellom anna at visuelle kunstnar ikkje får betalt for arbeidet dei gjer.
Kulturrådet er under evaluering no. Eit av forslaga til endring handlar om kven som utpeiker stipendkomiteane. I rapporten som kom tidlegare i år vert det konkludert med at det er altfor nære band mellom dei som deler ut og dei som mottatt. Her er ikkje armlengds avstand.
NBK er ueinige i dette utsagnet og meiner at kunstnerane kjenner best til fagfeltet vårt og er difor dei mest kompetante til å vurdere stipendsøknadar. Den såkalla fagfellevurderinga.
Kulturministeren- Ho gav klar beskjed på kulturkonferansen at det blir ikkje kutt i kulturbudsjettet i hennar periode.
Info fra BKMR og NBK slutt:
Pause
Kl.16.00
Harald Dyrkorn om Tema: Kva gjer kunsten? Korleis kan kunsten vere samfunnrelevant?
Middag: veldig god heimelaga Tomatsuppe m/tilbehør som Trine hadde stelt i stand.
Etter dette fekk vi vere med Marit Moltu på ei ferd i hennar kunstnariske univers. Det var ein flott opplevelse der vi gjekk fra rom til rom. Trommeloftet, så lyktevandring i hauststormen og til slutt enda vi på kystmuseet der ho presenterte kunstprosjektet ” Tid for stunder”
Takk til alle som kom og ein stor takk til Marit Moltu som opna sitt atelier og tok i mot oss!