Søk medlemskap i BKMR 1 november

BKMR (Biletkunstnarane i Møre og Romsdal) ein fagorganisasjon som arbeider med saker og rettigheter for kunstnerane i Møre og Romsdal.
Styre er sammansatt av 3 medlemmar som blir valgt av årsmøtet.
I styret sitter Karin Augusta Nogva (leder), Heidi Rødstøl (nestleiar) og Trine Røssevold. Vi arbeider gjennom året med saker fra ein handlingsplan, som blir vedtatt på det årlige årsmøtet der alle medlemmane kan delta.
BKMR og NKMN (kunsthandverkerne Midt Norge) er eigar av eit aktivt og profesjonellt kunstsenter, Møre og Romsdal kunstsenter som ligg i Molde. Dette er under fellesarealet Plassen. Her er Krsitin Mandt Heim  dagleg leiar og Milosz Janicki arbeider som Formidler/koordinator.

BKMR er ein viktig fagorganisasjon som ligger under NBK (Norske Billedkunstnerar) og skal drive med saker som er viktigt for kunstnarane som fagruppe. BKMR har to delegater til landsmøte, som er det øverste organ, her kan vi vere med på å påvirke og bestemme kva landsmøte skal holde fokus på, når dei skal fastlegge sin handlingsplan.
Saker vi arbeider med no er utstillingsavtalen:
NBK Norske Billedkunstnere har startet ein kampanje der målet er lønn for kunstnarens arbeid med utstillingar på̊ visningsarenaer med finansiering fra fylke og kommune. Dette ønskjer vi i destriktsorganisasjonane å ta tak i, for at nedslagsfeltet skal bli større.
lønn for arbeid
Laurdag 24 oktober har vi medlemsmøte fra kl.11-12.30 i Ålesund, sted Ålesund kunstfagskole. Om du lurer på kven vi er stikk innom på laurdag.
Når ein blir medlem i BKMR så er ein automatisk medlem i NBK.
Helsing Styret i BKMR

Hopp til verktøylinje